Er du ein framtidsretta leiar og ein pådrivar for utvikling og digitalisering- – Personalhuset Norway – Norg

  • Norg

Personalhuset Norway

Er du ein framtidsretta leiar og ein pådrivar for utvikling og digitalisering?

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Avdeling for næring, plan og innovasjon søker ny seksjonssjef for stab. Vi ser etter ein gjennomføringssterk og strukturert leiar som brenn for strategi, HR og kommunikasjon. Du har kunnskap og erfaring med korleis teknologi og digitalisering kan bidra til å skape gevinstar i arbeidet. Som leiar er du trygg i rolla og ein pådrivar for utvikling.

Som seksjonssjef jobbar du tett med avdelingsdirektør og inngår i hans leiargruppe.Du vil leie ei strategisk stabsavdeling med seks dyktige fagpersonar og understøttar drifta i avdelinga.

Vestland fylkeskommune skal vere ein pådrivar for berekraftig samfunnsutvikling og har ambisiøse mål. Som ein del av leiinga vil rolla by på ei unik moglegheit til å bidra i arbeidet for grøn omstilling. Vi skal jobbe for nyskaping, vekst og arbeidsplassar i Vestland. Avdelinga støttar kommunar og næringsliv, og legg til rette for at arbeidet med grøn omstilling i Vestland kan skje både raskare, betre og enklare. Unike og ambisiøse innovasjonsprosjekt som til dømes Grøn region Vestland er eit av fleire satsingsområde for avdelinga.

Vil du bli med å sette retning, engasjere og samhandle for å utvikla gode tenester og eit framtidsretta Vestland?

Ansvarsområde
Vere ein pådrivar for korleis digitalisering kan medverke til ein betre og meir effektiv organisasjon

Vere ein aktiv bidragsytar i leiargruppa til avdelinga

HR-rådgiving og leiarstøtte for dei fire seksjonsleiarane i avdelinga og avdelingsdirektør

Personalansvar med vekt på kompetanse- og medarbeidarutvikling

Intern og ekstern kommunikasjon

Økonomi -og budsjettstyring

Kvalifikasjonskrav
Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis masternivå

Solid erfaring med leiing frå større organisasjonar, samt erfaring frå HR-fagfeltet

Kompetanse og interesse for digitalisering og forbetring av prosessar

Gode framstillingsevner, munnleg og skriftleg

God økonomiforståing

Personlege eigenskapar
Analytisk med evne til å sjå samanhengar, samt sjå moglegheiter for utvikling

Evne til å leie og motivere sjølvstendige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse

Høg grad av integritet, sterk avgjerdsevne og stor arbeidskapasitet

Strukturert og systematisk i sitt arbeid

Tillitsfull relasjonsbyggjar med gode samarbeidsevner

Vi tilbyr
Eit meiningsfylt arbeid for eit framtidsretta Vestland

Stort handlingsrom og vide fullmakter

Eit godt arbeidsmiljø prega av tillit og engasjement

Eit stort fagmiljø, og eit sterkt leiarkollegium

Gode utviklingsmoglegheiter hos ein solid arbeidsgivar

Etter utløpet av søknadsfristen, vil det bli utarbeidd offentleg søkarliste. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Spørsmål om stillinga kan rettast til Marie Salbu tlf. 470 32 570 i Personalhuset Search & Selection.

Bransjekategori Offentlige tjenester / Forvaltning Bransje Offentlige lederstillinger Alternativ bransjekategori Administrasjon / Kontor / Personal Alternativ bransje Administrativ ledelse / HR Manager

Lees hier meer…

Om op deze vacature te solliciteren bezoek je nl.whatjobs.com.

Deel deze vacature: